Gå videre til innhold
Olaug Nilssen klar med ny roman til hausten "Yt etter evne, få etter behov"

Pressemelding -

Olaug Nilssen klar med ny roman til hausten "Yt etter evne, få etter behov"

Olaug Nilssen er klar med ein ny roman i oktober. Den har fått tittelen Yt etter evne, få etter behov. Nilssen hadde ein formidabel suksess med Tung tids tale (2017) som vann Brageprisen og no har eit samla  opplag på 40 000. Nilssen traff lesarane med si unike og sterke forteljing om å vere mor til eit funksjonshemma barn. Riksteatret turnerte også med ei populær og kritikarrost framsyning basert på boka. 

Forteljinga i Yt etter evne, få etter behov er ei forlenging av tematikken i Tung tids tale: : Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?

Vi får innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gunvor, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO