Gå videre til innhold
Olaug Nilssens "Tung tids tale" selt til Sverige

Pressemelding -

Olaug Nilssens "Tung tids tale" selt til Sverige

Olaug Nilssens roman Tung tids tale er selt til utgjeving på Bonnier Förlag i Sverige. Winje Agency er Nilssens utanlandsagent. 

Redaktør i Bonniers, Åsa Lindström, seier dette om boka: 

«Jag och flera av mina kollegor som också läst romanen, blev fullständigt golvade av det koncentrererade språket, det osentimentala och kraftfulla uttrycket och den starka kärleken som lyser igenom skildringen av livet som mor till ett autistiskt barn. Den här romanen har inte bara fantastiska litterära kvaliteter utan är också ett viktigt vittnesmål om hur livet ser ut för barn med autism och deras anhöriga.»

Olaug Nilssen har opplevd ein enorm respons på boka om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. Boka vart hylla av kritikarane, fekk Brageprisen og er også nominert til Kritikarprisen. 

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO