Gå videre til innhold
Olav H. Hauges tekstar om verdslitteraturen samla i ny bok

Pressemelding -

Olav H. Hauges tekstar om verdslitteraturen samla i ny bok

Olav H. Hauge skreiv dagbok gjennom heile livet, og Dagbok 1924–1994 som kom ut i 2000 er eit unikt litterært prosjekt.  Verket er på 3700 sider fordelte på fem band.

Tanke og draum er himmelske verktøy er ei ny bok med eit utval av tekstar frå denne dagboka, redigert av Bodil Cappelen. Utvalet er gjort med vekt på tekstar Hauge skreiv om verdslitteraturen. Boka er gitt ut i  fleire land, til strålande kritikkar, og blir med dette presentert for eit norsk publikum for første gong.

Boka vert lansert på Poesifestivalen i Ulvik, på Hauge-senteret 9.-11.9.

Olav H. Hauge(1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida. Den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Hauge debuterte som forfattar i 1946 og gav også ut fl eire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO