Skip to main content

Patti Smith signerer si nye bok på norsk, "Sanka ull", i Oslo 29.6.

Pressemelding   •   jun 25, 2013 11:13 CEST

Patti Smith er no aktuell med si andre bok på norsk, Sanka ull (Woolgathering). Ho signerer den nye boka og den norske pocketutgåva av Just Kids på Tronsmo i Oslo 29.6. kl 18.00.

Sanka ull er ei intens lita perle av ei minnebok. Med glimt attende til barndommens mystiske og magiske verd – og til den tidlege ungdommens uskyld og usikkerheit. Boka rommar essensen av det Patti Smith kan som poet og skribent: gi ord til det for lengst gløymte, fange det flyktigaste tankespinn og mane fram hjartegripande scener.  Smith hentar fram dei største opplevingane frå oppveksten sin, med hendingar og situasjonar så levande at dei grensar til det uverkelege. 
 

Boka inneheld både den engelske originalteksten og den norske, gjendikta av Ingrid Z. Aanestad.

 

"Ein framståande poet".

The New York Times

"Sanka ull er en samling tekster som fortryller verden med språkmagi. Aanestad har etter min mening gjort et imponerende godt arbeid med gjendiktningen. På suverent vis har hun tatt vare på tekstenes hemmelighetsfulle undertoner, og bruk av klang og setningsrytmikk vitner om en gjendikter med musikalsk fingerspitzengefühl."

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Patti Smith (fødd 1946) er ei legende i musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå
1975.

 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar