Gå videre til innhold
Peikebøkene om Pål er tilbake

Pressemelding -

Peikebøkene om Pål er tilbake

Endeleg er dei kjende og kjære bøkene om Pål tilbake! 

Bøkene om Pål er klassikarar og barnas favoritt. No relanserer Det Norske Samlaget dei i alt ti bøkene i ny innpakning til glede for nye lesarar. 

Barbro Lindgren (f. 1937) er ein svensk forfattar kjend for sine populære barne- og ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Benny og om Den ville ungen. I 2014 vann Lindgren den største barnebokprisen i verda, ALMA-prisen, for forfattarskapen sin.

Eva Eriksson (f. 1949) er ein svensk illustratør og forfattar. Illustrasjonane hennar er kjende og elska frå mellom anna bøkene om Den ville ungen og Pål.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO