Gå videre til innhold
Per Halse aktuell med biografi om Peter Hognestad

Pressemelding -

Per Halse aktuell med biografi om Peter Hognestad

Peter Hognestad (1866–1931) var biskop i Bjørgvin frå 1916 til 1931, etter at han hadde vore styrar ved Notodden lærerskole, bygdeungdomsprest i Kristiania og lærar ved Menighetsfakultetet. Bondesonen frå Jæren gjorde eit uvurderleg pionerarbeid for nynorsk bibel- og kyrkjespråk.

Saman med Anders Hovden og Bernt Støylen gav han i 1925 ut Nynorsk salmebok, og han stod sjølv for folkekjære gjendiktingar som «Det hev ei rosa sprunge» og «Fager kveldsol smiler». Hognestad var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål, Studentmållagets «Fyrebilsbibel» frå 1921.

Peter Hognestad var ein samarbeidsmann som engasjerte seg i både frilynt og kristeleg ungdomsarbeid. Samstundes var han prinsippfast, og det skapte sterke reaksjonar at han konsekvent brukte nynorsk både i undervisninga ved Menighetsfakultetet og som biskop i Bergen. 

Per Halse (f. 1957) er førsteamanuensis og kjem frå Ørsta. Han har teologisk embetseksamen frå Menighetsfakultetet, og har vore kateket, lærar og prest i Karlsøy frå 1985 til 1990. Sidan 1991 har han undervist ved Høgskulen i Volda, og han var rektor der frå 2011 til 2015. Halse har doktorgrad frå Universitetet i Oslo om framveksten av nynorsk kyrkjespråk. Til biografien om Peter Hognestad har han skaffa fram mykje frå både offentlege og private arkiv som ikkje har vore publisert før. 

Kontaktinformasjon: 

MOB: 93069389

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO