Gå videre til innhold
PJ Harveys nye bok på norsk i oktober

Pressemelding -

PJ Harveys nye bok på norsk i oktober

Samlaget gir ut PJ Harveys nye bok, The Hollow of the Hand på norsk til hausten, i omsetjing av Gunnhild Øyehaug og Pedro Carmona Alvarez. Boka vert lansert samstundes i USA, Storbritannia, India, Australia, Mexico og Noreg. 

The Hollow of the Hand, som er ei samling dikt og fotografier, er eit samarbeid mellom PJ Harvey og fotograf Seamus Murphy.

Redaktør Kjersti Instefjord i Samlaget tok umiddelbart kontakt med forlaget i Storbritannia då nyheita kom i fjor haust om Harveys bokdebut:

-Vi var det første utanlandske forlaget som sikra oss rettane. PJ Harvey er ein artist som har hatt djup påverknad på vår generasjon, ein kunstnar som stadig utviklar seg og som held fram med å vere aktuell og nyskapande. Noko også The Hollow of the Hand er eit tydeleg prov på.

Mellom 2011 og 2014 var PJ Harvey og fotograf Seamus Murphy på fleire reiser saman til Kosovo, Afganistan og Washington D.C. Harvey samla ord, Murphy samla bilde, og saman har dei skapt eit sterkt dokument frå vår tid

The Hollow of the Hand er den første utgivinga av Harveys kraftfulle poesi, i dialog med Murphys uforgløymelege fotografier.

PJ Harvey:

“Gathering information from secondary sources felt too far removed for what I was trying to write about. I wanted to smell the air, feel the soil and meet the people of the countries I was fascinated with.”

Seamus Murphy: “Polly is a writer who loves images and I am a photographer who loves words.”

Kontakt:

Redaktør Kjersti Instefjord: k.instefjord@samlaget.no - 411 26 623

Pedro C. Alvarez: pedroprinz@hotmail.com - 452 31 665

Gunnhild Øyehaug: gunnhildoyehaug@gmail.com

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO