PRESSEMELDING: Edmund Austigard ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget

Pressemelding  •  23-06-2011 08:31 CEST

Austigard er økonom og forfattar. Han kjem frå stillinga som adm.direktør i Den Norske Bokdatabasen as. Austigard overtek etter Tom Skovdahl som har vore konstituert direktør sidan januar 2011. Starttidspunkt er ikkje avklart, men vert seinast 1.1.2012.

Austigard er frå Hjelmeland i Ryfylke, og er økonomutdanna frå USA (MBA grad frå Thunderbird). Han har bakgrunn frå mellom anna Telenor, Forlagssentralen og Den Norske Bokdatabasen as. Austigard kjem frå stillinga som administrerande direktør i Bokbasen der han starta i  januar 2007. Han har jobba lenge med digitalt innhald og digitale tenester. Samlagets nye direktør er også forfattar, og har gitt ut to romanar på Samlaget og ei barnebok på Wigestrand forlag.

Austigard gler seg til å starte som forlagsdirektør:

-Eg er stolt og glad, og ser fram til å leie eit av Noregs viktigaste forlag i ei spennande tid for bokbransjen.

Styreleiar i Det Norske Samlaget, Kristin Bjella, seier dette om valet av Austigard som ny direktør:

-Styret har hatt ein god prosess med fleire kandidatar å velje mellom. Edmund Austigard utmerka seg etter kvart som det opplagt beste valet. Han har slik styret ser det dei beste kvalifikasjonane, og inngåande kjennskap til bokbransjen. I tillegg til det nemnte utmerkar Austigard seg også ved å vere skjønnlitterær forfattar, økonom og aktiv nynorskbrukar.

For spørsmål om tilsettinga, kontakt Kristin Bjella:  900 43 150

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar


You haven't completed the steps for your Hosted Newsroom

You haven't entered a correct link to your helper.html file for your Hosted Newsroom. Go to Publish and complete the steps.