Gå videre til innhold
PRESSEMELDING: KARI SMELAND DEBUTERER MED ABSURD KOMIKK FOR BARN

Pressemelding -

PRESSEMELDING: KARI SMELAND DEBUTERER MED ABSURD KOMIKK FOR BARN

I barneboka "Familien Kråkestup og nyset i nabohuset" har debutant Kari Smeland skapt eit eventyrleg univers med eit vell av absurde hendingar for barn i alderen 7-10 år.  Kari Smeland (f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark, bur i Oslo og jobbar som bibliotekar.

Kråkestupfamilien består av mamma og pappa og tre par tvillingar, pluss gamle onkel Sigurd, som bur saman med dei i det nesten falleferdige huset. Det finst det berre eitt hus til i nabolaget, og der har det ikkje budd nokon sidan onkel Sigurd var barn. Men ein dag får dei yngste tvillingane Stjerne og Lykke mistanke om at nokon har flytta inn.

Kari Smeland har skapt eit eventyrleg univers, der ”Alt som kan skje når fiskesuppa koker over, skjer”, som det heiter i ei av dei fantasifulle kapitteloverskriftene. Utforskinga av nabohuset bind saman eit vell av absurde hendingar og boka er med sine frodige påfunn og formuleringar ein fryd å lese høgt.

Og Smeland har fengande førebilete som barnebokforfattar: 

- Yndlingsbøkene mine då eg var lita var Brødrene Løvehjerte og alle bøkene til Roald Dahl. Kvar gong eg opna ei bok skjedde det mykje rart rundt meg.

Illustrert av Mona Brekke.

Kari Smeland (f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark og bur i Oslo. Ho har ein bachelor i historie- og samfunnvitskap og jobbar som bibliotekar. Familien Kråkestup og nyset i nabo-huset er den fyrste boka hennar.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO