PRESSEMELDING: Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond til forfattar Ruth Lillegraven

Pressemelding  •  08-05-2012 10:49 CEST

Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond er ein pris med to siktemål. Annakvart år går prisen til noen som gjer eit godt arbeid for å styrke banda mellom Noreg, Færøyane og Island, og annakvart år går prisen til unge forfattarar som skriv på nynorsk. I år går prisen til ein  lovande ung nynorskforfattar, Ruth Lillegraven. Ho er verksam innan fleire sjangrar, og har markert seg både som lyrikar, romanforfattar og barnebokforfattar.

Fondet vart etablert i 1952 og Olav H. Hauge, Edvard Hoem og Olaug Nilssen er blant mottakarane av prisen.

Juryens grunngjeving:

"Det er minst fem gode grunnar til å gi prisen til Ruth Lillegraven i år. Vi tar grunnane noenlunde kronologisk og etter litteratursjanger:

Den første er lyrikaren Ruth Lillegraven. Ho debuterte  med Store stygge dikt i 2005. Mykje godt er sagt og skrive om denne  samlinga med ”Store dikt, varige dikt, som synger og vugger avgårde, uvanlig lange og velskrevne” for å låne noen ord frå Tom Egil Hverven i NRK.  ”Ei røyst som er så open og inviterande og naturleg at me innimellom les med stor glede”, skreiv Helge Torvund i Dagbladet.

Ho kan også gjendikte: Saman med ei rekkje andre norske poetar og musikarar gjendikta ho  Leonhard Cohens The Book of Longing i 2006.

Den andre grunnen er ein innsiktsfull og inspirerande artikkel i antologien ”Tid å hausta inn” om Olav H. Hauge i 2008: ”Um nætene låg eg ofte og lydde til susen i lauvet”, om fruktdyrkaren Olav H. Hauge”. Her viser Ruth Lillegraven at ho kan mykje både om fruktdyrking, lyrikk og ho står fram som ein stor formidlar.

Grunn nr. 3 er romanforfattaren. Mellom oss, romandebuten i fjor er ein ambisiøs første roman. Her viser Lillegraven at ho meistrar handverket, og at ho også har teft for å finne og formidle ei god historie.

Den fjerde grunnen er at Ruth Lillegraven tar barna alvorleg. Bøkene Mari og Magnus flyttar inn (2011) og Mari og Magnus og smokketjuven (2012) er dei første barnebøkene hennar. Også denne sjangeren, den viktigaste av alle litteratursjangrar, kan ho.

Den femte grunnen til at vi gir prisen til Ruth Lillegraven er etter denne omtalen ganske naturleg: Vi vil inspirere henne til å skrive meir!"

Lillegraven er frå Granvin i Hardanger og bur i Lommedalen i Bærum. Ho arbeider til dagleg som taleskrivar for statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.

Juryen bak prisen: Ottar Fyllingsnes, Durita Brattaberg og Jan Kløvstad. Prisen er på 10 000.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar


You haven't completed the steps for your Hosted Newsroom

You haven't entered a correct link to your helper.html file for your Hosted Newsroom. Go to Publish and complete the steps.