Gå videre til innhold
Pris til trioen bak heimskringla.no

Pressemelding -

Pris til trioen bak heimskringla.no

Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond er ein pris med to siktemål. Annakvart år går prisen til nokon som gjer eit godt arbeid for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og/eller Island, og annakvart år går prisen til unge forfattarar som skriv på nynorsk. I år er det ein trio som har styrka banda mellom Noreg og Island, så vel som resten av det nordiske språkområdet, som skal heidrast.

Jón Júlíus Sandal, Carsten Lyngdrup Madsen og Jesper Lauridsen har arbeidd med nettsida heimskringla.no, ei nettbasert samling av nordiske kjeldetekstar som primært består av eddadikt, sagalitteratur og skaldekvad, sekundært av bakgrunnsmateriale. Saman med gode hjelparar har dei bygd opp det som har blitt den største databasen over oldnordiske tekstar. 

Alt arbeidet er frivillig og baserer seg på ei oppfatning av at tekstane, som del av den felles kulturarven vår, bør vere fritt tilgjengelege for alle. At ein frå alle verdshjørne kan gå inn og lese over 5100 titlar på norrønt og dei moderne nordiske språka utan å betale, er takka vere ein heilt ekstraordinær innsats av desse tre mennene. Idealismen og den inderlege interessa til ein pedagogisk leiar i Oslo kommune, ein lærar på Haderup Skole på Midtjylland og ein brenneriarbeidar på Nordisk Brænderi nord på Jylland er framifrå døme på ånda som held kulturen gåande. 

Heimskringla var tidleg ute med folkefinansiering for å skaffe inntekter, og vi er heilt sikre på at dei 10 000 kronene som knytt til denne pristildelinga, kjem til å bli direkte omsett i endå fleire kvalitetssikra tekstar på nett, til glede for lek og lærd. Dessutan håpar at denne pristildelinga gjer at fleire får auga opp for dette prosjektet og den frivillige innsatsen som ligg bak. Alle som set pris på mellomalderlitteratur, nordisk språkfellesskap og ekte dugnadsånd er dykk stor takk skuldig!

Prisen blir delt ut torsdag 27.april på årsmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og er på 10.000 kr. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO