Gå videre til innhold
Prisvinnande duo aktuell med "Mørkt"

Pressemelding -

Prisvinnande duo aktuell med "Mørkt"

Originalt om å vere mørkeredd!

Dag er redd for å bli borte i mørkeret, han held seg vaken så lenge han kan. Men denne kvelden byrjar mørkeret å bråke. Det kjem nærare og nærare, og brått er Dag midt inne i ein bekmørk tornado. I mørkeret møter han Natalia, og motet.

Den prisvinnande duoen Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby har igjen skapt ei eksplosiv forteljing med eit kjenslevart utgangspunkt. I Mørkt tematiserer dei redsle på ein høgst original måte. For kva skal ein gjere når det verste ein kan tenkje seg, faktisk skjer? Bli med Dag inn i mørkeret.

Gyrid Axe Øvsteng (f. 1974) er forfattar og dramatikar frå Vågå. Ho debuterte skjønnlitterært med biletboka Finn! i 2009. Øvsteng har utdanning innan teatervitskap og litteraturvitskap. Ho var dessutan elev ved pilotprosjektet for dramatikarar på KHIO i 2001–2003. Øvsteng debuterte som dramatikar med Køyr på Norsk Dramatikkfestival i 2000. Øvsteng er busett i Skien.

Per Ragnar Møkleby (f. 1974) er illustratør og grafikar frå Lørenskog, busett i Skien. Møkleby er utdanna ved Kingston University i London og har illustrert bøker, aviser og blad sidan 1998. Han fekk KUDs bildebokpris for boka Førstemamma på Mars.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO