Skip to main content

Rakel Solstad med roman frå internatoppvekst i Finnmark; "I for internatunge"

Pressemelding   •   apr 25, 2019 10:55 CEST

I den nye romanen I for internatunge gir Rakel Solstad oss eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga.

Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under ei slik emosjonell omsorgssvikt.

I for internatunge er forteljinga om Elis, Arno, Frans og Máret, som alle må reise frå heimen sin for å leve og bu i utrygge omgivnader på skuleinternat, langt vekk frå familie og omsorgspersonar – og om kor stygt barn kan behandle kvarandre. 

Rakel Solstad (f. 1945) er fødd i Finnmark og bur i Trondheim. Ho debuterte med Men kva veit vi om barna (2013). Ho har arbeidd som lærar og har i mange år vore pedagogisk-psykologisk rådgivar. I for internatunge er Rakel Solstads tredje bok.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.