Gå videre til innhold
Randi Fuglehaug aktuell med "Skalla"

Pressemelding -

Randi Fuglehaug aktuell med "Skalla"

Ei annleis bildebok om å vere sjuk

Den første dagen Iben er på sjukehuset, møter ho Skalla-Malla. Ho vil vise Iben rundt, og saman dreg dei til hemmelege og magiske rom. Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?

Skalla er ei bok om godteriblomstrar, diskodans og magien som kan oppstå i nye vennskap.

Randi Fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er frilansjournalist og har også skrive sakprosabøker for både barn og vaksne. Fuglehaug debuterer skjønnlitterært med bildeboka Papelina.

Nora Brech (f. 1988) er illustratør og forfattar. Ho bur i Oslo og er utdanna ved Westerdals. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO