Gå videre til innhold
Foto av Atle Berge
Foto av Atle Berge

Pressemelding -

Roman om Kielland-ulykka nominert til EUs Litteraturpris

Atle Berge er nominert til EUs litteraturpris med romanen Puslingar (2019). EUs litteraturpris(European Union Prize for Literature) går til forfattarar som har gitt ut to–fire prosaverk for vaksne og som er i ferd med å nå eit større publikum. Prisen har ein ambisjon om å spreie god litteratur ut over nasjonale grenser og språkbarrierar. Utdrag frå årets vinnarbøker blir samla i antologien European Stories 2020. Dei nasjonale vinnarane får omsetjarstøtte og internasjonal eksponering.

Årets norske vinnar vert kunngjort samtidig med 13 andre nasjonale vinnarar 19. mai 2020.

Tidlegare norske vinnarar av EUs litteraturpris er Carl Frode Tiller (2009), Gunstein Bakke (2012) og Ida Hegazi Høyer (2015). 

Puslingar er Kielland-ulykka den historiske hendinga forteljinga kretsar rundt. Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje.

Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb?

Puslingar gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.

Frå melding:

«Med Marita har Atle Berge skapt eit portrett av ei beintøff ungjente, ´modig, open, omtenksam´, som skrive står, i kontrast til kjerneverdiane i lokalsamfunnet omkring henne" Terningkast 5 i Stavanger Aftenblad, Jan Askelund

Atle Berge(f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum.

Har tidlegare gitt ut Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO