Gå videre til innhold
Ros til Maria Parr i USA

Pressemelding -

Ros til Maria Parr i USA

Nylig kom Maria Parrs barnebok Vaffelhjarte (Adventures with Waffles) ut til svært positive meldingar i USA. Det prestisjetunge litterære tidsskriftet Kirkus skriv m.a. at romanen er «Fylt med både lystige eskapadar og gripande augneblikk", og at «Parr fortel ei særmerkt historie om kor inderleg en gut set pris på familie og vener». Vaffelhjarte vart nylig selt for utgiving i Latvia, som er det 26. landet boka kjem ut i.

Maria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs superstjerne. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for.

Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO