Gå videre til innhold
Ruth Lillegraven med ny småbarnserie - Mari og Magnus

Pressemelding -

Ruth Lillegraven med ny småbarnserie - Mari og Magnus

Forfattar Ruth Lillegraven og illustratør Inger Landsem står bak Mari og Magnus, ein ny småbarnsserie for aldersgruppa 3‒6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra. Det har til no kome to bøker i serien, Mari og Magnus flyttar inn og den ferske Mari og Magnus og smokketjuven.

Mari og Magnus er sysken. Mari er fem år, og Magnus er nesten fire. I den første boka har dei nettopp flytta inn i eit nytt hus. Det står kassar overalt, og ingen finn sakene sine. Kor har for eksempel bamsen til Magnus blitt av? Mens dei leitar, kjem ein flyttebil til køyrande. Det er dei som skal bu i den andre halvdelen av huset, som har stått tom. Kanskje Mari og Magnus får nokon å leike med?

Mari og Magnus går i same barnehage. I Mari og Magnus og smokketjuven skjer det noko mystisk. Då småungane skal kvile er alle smokkane borte! Kanskje det er ein smokketjuv i barnehagen? Det er nok best dei spionerer litt. Og held vakt.

-Målet mitt har vore å laga ein lett tilgjengeleg serie på nynorsk for små barn. Handlinga skal vere kvardagsleg og attkjenneleg, seier Lillegraven om serien.

Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. Lillegraven er frå Hardanger og bur no i Bærum.

 Inger Landsem (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstnar og har mange utstillingar bak seg.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO