Gå videre til innhold
Ruth Lillegravens første barnediktbok begeistrar kritikarane

Pressemelding -

Ruth Lillegravens første barnediktbok begeistrar kritikarane

Ruth Lillegraven får kritikarros for si første barnebok Eg er eg er eg er.

Boka skildrar korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.

Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.

Ruth Lillegraven har leita i eigen barndom i arbeidet med dikta: 

-I barnedikta prøver eg å sjå verda og livet gjennom eit barn sine auge. Eit blikk som nok er meir undrande og nyfike enn seinare i livet. Skriveprosessen vart ei spennande reise tilbake til det barnet eg sjølv ein gong var - eit barn som både liknar og ikkje liknar den vaksne. 

Hovudpersonen i den forteljande diktsamlinga har sterke kjensler:

-Det var viktig for meg anerkjenne - og omfamne - eit sterkt og skiftande kjensleliv i dikta. Boka seier til den unge lesaren: det er lov å vere alt dette - glad trist, sint osv. Du kan til og med vere alt dette på ein gong, det er normalt, seier Lillegraven.

Om forfattaren: 

Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. I 2013 fekk ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Ho har skrive fire bøker i småbarnserien om Mari og Magnus. Eg er eg er eg er er den første diktsamlinga hennar for barn. Ruth Lillegraven er frå Hardanger og bur no i Bærum. Ho er denne hausten også aktuell med vaksendiktboka Sigd.

Frå meldingar:

"Tilgjengelig og sjarmerende om jenta med vilt hjerte."

Maya Troberg Djuve, Dagbladet (femmar)

"Noko av det ­finaste med dikta i denne boka, er at dei gjev akt på hårfine nyansar. Ho tek barnelivet på kornet - så flyktig, svingande mellom sommarfugldans og sparkesint sorg.(...) Den er ei gåve til både vaksne og born."

Marianne Lystrup, Vårt Land

"Diktene er vakre og mesterlig skrevet".

Katrine Kalleklev, barnebokkritikk.no

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO