Gå videre til innhold
Samlaget feirar Ragnar Hovland 60 år med stor fest og ny bok om forfattaren

Pressemelding -

Samlaget feirar Ragnar Hovland 60 år med stor fest og ny bok om forfattaren

Det blir ein festkveld i jubilantens and med musikk og ord av alle slag, kjærleik, bannskap, bøn og bar. (arr. i samarbeid med Ingvild Bræin og Roy Ole Førland.

Samlaget feirar også 60-års jubilanten med ei bok om jubilanten skriven av Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Dette er ingen biografi, men ei bok som tek føre seg både forfattaren, kultfenomenet og mennesket Hovland. Folgerø og Tokvam tek Hovland med på ei reise, og gjev oss ein guide til Hovland - frå boots til briller.

Halvor Folgerø (f. 1967) og Finn Tokvam (f. 1972) er kjende som både journalistar, forfattarar, humoristar og musikarar. I 2005 gav dei saman ut romanen Tyl.

Ragnar Hovland er ein av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkelege karakterar og populærkulturelle referansar har han i over 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar. I suveren og slentrande stil skriv han befriande humoristisk om livet m.a. på ville vestlandsvegar. Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, og fleire yngre forfattarar er i dag tydeleg inspirert av han. Hans siste bok Stille natt (2011) vart tatt imot med stor begeistring av kritikarar og lesarar.

Hovland har motteke fleire prisar, mellom anna Brageprisen, Kritikarprisen, Bastianprisen, Doublogprisen, Melsomprisen, Samlagsprisen.

Related links

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO