Gå videre til innhold
Samlaget gir ut "M Train" av Patti Smith 1. februar

Pressemelding -

Samlaget gir ut "M Train" av Patti Smith 1. februar

Samlaget gir ut M Train av Patti Smith 1. februar. Memorarboka vert omsett av Brit Bildøen som også stod bak omsetjinga av Just Kids av Smith. M Train er ei personleg bok om reiser, inspirasjon, litteratur, krimseriar og fotografi.  Smith sjølv kallar boka “eit vegkart over livet mitt”. Ho reflekterer over kunsten og livet, side om side med minne om livet i Michigan og tapet av ektemannen, gitaristen Fred Sonic Smith.

Patti Smith er ein av vår generasjons største kunstnarar. Gjennom eit langt musikkliv har ho parallelt med musikkkarrieren skrive både poesi og dagboknotat.

M Train startar i den vesle Greenwich Village-kafeen der Smith går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si kvar morgon. Smith skiftar elegant mellom draum og røynd, fortid og notid, vi blir tatt med frå Frida Kahlos Casa Azul i Mexico til eit møte med eit obskurt polfararsamfunn i Berlin, frå Smiths falleferdige bungalow ved sjøen i Far Rockaway, som ho skaffa seg rett før tornadoen Sandy trefte, til gravene til Genet, Plath, Rimbaud og Mishima.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO