Skip to main content

Samlaget med den første interaktive e-boka på tre samiske språk

Pressemelding   •   aug 17, 2015 09:00 CEST

No kjem Kari Stais Jakob og Neikob som interaktiv e-bok på dei tre største samiske språka, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.

Biletboka Jakob og Neikob frå 2011 er den første norske barneboka som er ute digitalt på tre samiske språk samstundes. Boka er tilgjengeleg både for Androide og iOS.

Lanseringa vil finne stad 20.august kl.12.00 i Samisk barnehage på Tøyen i Oslo. Det blir både presentasjon og demonstrasjon av boka.

Familie og kulturpolitisk talsperson for Arbeiderpartiet, AnetteTrettebergstuen vil vere tilstades under presentasjonen.

- Førestill deg at du går tom for lesestoff på ditt eige språk. Dette er realiteten for samiske barn idag. Difor ønskjer vi i Samlaget å vere med på å styrke tilbodet til samiskspråklege barn, seier redaktør for prosjektet Ragnfrid Trohaug.

Jakob og Neikob er omsett til mange språk som papirbok, m.a. fransk, dansk, indisk, og fins som interaktiv e-bok på norsk og engelsk i tilegg til samisk.

- Det er ein sensasjon med ei interaktiv barnebok på desse tre språka. Appane som har vore utvikla tidlegare på samisk, har i stor grad konsentrert seg om samisk språkopplæring, natur, kultur og nyheiter, fortel Trohaug.

- Samlaget vil gjerne sjå den moderne klassikaren Jakob og Neikob på andre språk, god litteratur fortener lesarar i fleire språkområder enn berre det norske, og Samlaget ser også at det er viktig at god skjønnlitteratur blir omsett til dei samiske språka, held Trohaug fram.

Samlaget var tidleg ute då firmaet epekebok utvikla verktøyet sitt.

Med denne teknologien, og med økonomisk stønad frå Språkåret 2013, samt med ein viktig samarbeidspartner i Fylkesbiblioteket i Nord-Trøndelag, var det mogeleg å gjennomføre prosjektet med dei samiske e-bokutgåvene av Jakob og Neikob.

Boka kan kjøpas hjå alle som fører norske e-bøker for barn, mellom anna via Bokhylla, eller Samlaget barnebøker anten gjennom Googleplay eller Appstore.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy