Gå videre til innhold
Samlagets haustliste 2015

Pressemelding -

Samlagets haustliste 2015

Bla i Samlagets katalog HER

Elena Ferrantes band 2 i Napoli-kvartetten, Historia om det nye namnet (omsett av Kristin Sørsdal), vert lansert 10. oktober. Ferrante har vore på første- og andreplass på den norske bestseljarlista sidan bok ein i serien, Mi briljante venninne, kom ut i mars. I oktober kjem også PJ Harveys nye bok Den opne handa (omsett av Pedro Carmona Alvarez og Gunhild Øyehaug). 

Samlaget har fleire norske romanar på lista i haust, mellom anna Forkynnaren av Jan Roar Leikvoll som kjem ut posthumt 21.8. Synnøve Macody Lund debuterer 28.9. med Personar du kanskje kjenner og kritikarroste Marit Eikemo kjem med sin fjerde roman, Alt inkludert 1.9.

I slutten av november kjem Herborg Kråkeviks (red.) julehefte Juleroser der ho har samla bidrag frå forfattarar som Vigdis Hjorth, Karl Ove Knausgård og Herbjørg Wassmo. NRKs Harald Thingnes har intervjua dei største skistjernene våre om kva som tende skigleda deira i boka Den første skituren, og i september kjem ein ny biografi om ein av våre største forfattarar, Arne Garborg, ført i pennen av Jan Inge Sørbø.

Samlaget har som vanleg ei sterk barne- og ungdomsbokliste; m.a. har Maria Parr omsett klassiske eventyr i boka Barnas store eventyrbok, Tor Arve Røssland kjem med ungdomsgrøssaren Glimt, og Lars Mæhle tek oss med til 2052 i ein forrykande miljøthriller for ungdom, Bouvetøya 2052.

Her finn du alle titlane:  bla i Samlagets katalog HER (katalogen ligg også som vedlegg + lanseringsdatoar + hausttitlar i word-dokument).

Forfattarportrett ligg ved.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO