Skip to main content

Samlagets vårliste; jubileumsår, Elena Ferrante og Patti Smith

Pressemelding   •   jan 31, 2018 09:00 CET

Samlaget feirar 150 år i 2018 og markerer dette m.a. med storverket Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø som kjem i starten av april. I februar kjem Elena Ferrantes Kvelande kjærleik, omsett av Kristin Sørsdal. Sumaya Jirde Ali, Kristin Fridtun, Nils Henrik Smith og Camara Lundestad Joof kjem alle med sterke samtidstekstar i den nye serien Norsk røyndom. Sigrun Slapgard, Tore Kvæven, Marit Eikemo, Patti Smith og Terje Torkildsen er andre namn på årets rikhaldige vårliste.

Bla i heile lista herhttps://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/katalog_v__ren_2018?e=1955840/57880520

Vårlista ligg ved også som pdf. Lanseringsdatoliste ligg ved i excel.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar