Gå videre til innhold
SAMLAGSPRISEN 2012 TIL JØRGEN NORHEIM

Pressemelding -

SAMLAGSPRISEN 2012 TIL JØRGEN NORHEIM

Norheim får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar i utprega europeisk stil. Forfattaren er nominert til både Brageprisen og Nordisk Råds Litteraturpris for bøkene sine.

Grunngjevinga til juryen:

"Jørgen Norheim har gitt ut fire underhaldande, skarpsindige og tankevekkjande romanar, alle skrivne ut frå ein omfattande kunnskap om vår tid. Forfattaren hentar stoff frå dei store hendingane i nyare europeisk historie. Han plasserer karakterane sine i strategiske posisjonar, tett på makta, og med eit presserande behov for å forstå seg sjølv og si eiga samtid. Hovudpersonen i Adjutanten (2008) har bak seg eit langt liv som offiser for den tyske keisaren Vilhelm, no har han trekt seg tilbake til ein støl ved Sognefjorden. Samtalar med verten, ein kunnskapsrik og nyfiken fruktbonde, tvingar fram minne han har undertrykt og utløyser eit oppgjer med seg sjølv og ansvaret han har for dei overgrep regimet gjennomførte. Slik gir Norheim lesaren tilskodarplass til vår tids store hendingar. Norheim er ein utprega europeisk diktar, både ved å ha den europeiske historia som scene og ved at han ser på stoffet med like mykje europeiske som norske auge, prega av eit tvisyn – eller ein ambivalens – til det norske som kan minne om både A.O. Vinje og Kjartan Fløgstad.

Gjennombrotet fekk Norheim i 2002 med Ingen er så trygg i fare, som blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.  Adjutanten (2008) blei nominert til Brageprisen og til P2-lyttaranes romanpris. I debutromanen Liten svein i bærskog ut (1994) opnar Norheim med ei helsing til lesaren, som blant anna går slik:

”… Eit verk med vekslande innhald, spekka med kunnskap om viktig og uviktig, bygd på tjuveri av nynorsk og utanlandsk visdom, særleg tysk, eigna til å opplyse og underhalde, med von om gode stunder for den som les (…)”

Dette karakteriserer heile Norheims forfattarskap: Han skriv romanar som både opplyser og underheld lesaren. Vi gler oss til framhaldet av denne forfattarskapen."

Samlagsprisen går til ein forfattar som har gitt ut minst ei skjønnlitterær bok med høg kvalitet, for barn/ungdom eller vaksne på Samlaget i løpet av dei fem siste åra. Tidlegare vinnarar er m.a. Jon Fosse, Frode Grytten og Brit Bildøen. Prisen er på 25 000 kroner.

Juryen: Øystein Orten, Linn T. Sunne, Kjersti Instefjord

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO