Gå videre til innhold
Siste  band i Napoli-kvartetten på norsk

Pressemelding -

Siste band i Napoli-kvartetten på norsk

Denne veka kjem den fjerde og siste romanen i Napoli-kvartetten, "Historia om det tapte barnet", omsett av Kristin Sørsdal. Boka markerer ei kraftfull avslutning på historia som fengslar lesarar verda over. Serien har vore i toppen av den norske bestseljarlista sidan første band, "Mi briljante venninne", kom ut våren 2015. Kvartetten er ein stor suksess verda rundt, men Ferrante har ikkje opplevd ein like umiddelbar suksess i noko land som då første band kom ut i Noreg. 

Om "Historia om det tapte barnet":  Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har teke avstand frå, set henne på prøve. Men Lila er ustoppeleg og uregjerleg. 

Den fjerde og avsluttande boka i Napolikvartetten stadfestar attesten m.a. New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vår tids største romanforfattarar».

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikkar. Elena Ferrante er eit pseudonym. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO