Gå videre til innhold
Slik starta skieventyret for stjernene!

Pressemelding -

Slik starta skieventyret for stjernene!

Til saman har dei 121 OL og VM-gull, men ein gong hadde dei ski på beina for første gong. 

I Den første skituren av sportsjournalist Harald Thingnes får du høyre historiane til kjende og kjære skistjerner. Marit Bjørgen, Martin Johnsrud Sundby, Liv Grete Skjelbreid, Vegard Ulvang, Tarjei Bø, Bjørn Dæhli, Therese Johaug og fleire til fortel om korleis det heile starta.

Den første skituren er eit unikt innblikk i skistjernenes eigne historiar sett saman med private bilete frå familiealbuma. 

Ei bok til inspirasjon og motivasjon for liten òg for stor. 

For kva var det som vekte skigleda hos våre fremste vinteridrettsutøvarar? Også dei har vore mørkredde, hamna sist på resultatlista, slite med for lange stavar og for store parkdressar. Likevel voks det i dei fram ein livslang kjærleik til ski og snø. 

Skistjernene vil motivere deg og barna dine til gode skiopplevingar. Om du vil bli like god eller berre treng inspirasjon til å koma deg ut, kan Den første skituren hjelpa deg på vegen. 

Boka har lanseringsdato torsdag 15.oktober. Sleppfesten er same dag på utestaden Ingensteds i Oslo kl.19.00. Sjå Facebook for detaljar: 

https://www.facebook.com/events/1015343958488795/

Harald Thingnes (f.1969) er programleiar i NRK Sporten. Thingnes kjem frå Sunnfjord, men er no busett i Oslo. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO