Skip to main content

Småbarnsmor går under i Marita Liabøs nye roman, "Pusteproblem"

Pressemelding   •   sep 11, 2014 10:48 CEST

I Pusteproblem følgjer vi ei kvinne som er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt, som svik seg sjølv og dei ho er glad i. Marita Liabø skriv overtydande og nådelaust om lyst, skam og sjølvbedrag.

Hedda skal tilbake på jobb etter sommarferien. Det skal bli ein fin haust. Ho skal vere full av energi og pågangsmot. Ho skal glede seg over alt ho har. Ho har eit godt forhold til kollegaer, og eit godt familieliv. Ho er ennå ung. Ho ser bra ut. Og ho drikk vel ikkje meir enn folk flest?

Møt Marita Liabø i samtale med Brit Bildøen og Hilde Sofie Pettersen på Litteraturhuset i Bergen tysdag 16.9. kl 19 - om livskrise og sjølvskjerping.

Marita Liabø (f. 1971) debuterte med romanen Tempus fugit (Eide) i 1999, og har skrive ei rekkje bøker og antologibidrag for vaksne og barn. Ho arbeider som fjernsynstekstar for NRK, og var tidlegare spaltist i Dagbladet og Dag og Tid.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar