Gå videre til innhold
Alfred Fidjestøl
Alfred Fidjestøl

Pressemelding -

Språkprisen 2017 til sjimpansebiograf

Forfattar Alfred Fidjestøl får Språkprisen 2017. Prisen er på 100 000 og vert delt ut av Språkrådet. Fidjestøl er i haust aktuell med ein biografi om sjimpansen Julius, Nesten menneske, som alt er selt til utgjeving på engelsk og kinesisk. 

Alfred Fidjestøl (f. 1973) får prisen for bøkene Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013 (2013), Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924 (2014), Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965–2015 (2015) og Nesten menneske. Biografien om Julius (2017).

Frå juryens grunngjeving:  Dei gode historiene er eit førande prinsipp i bøkene til årets prisvinnar. Dramatiske einskildepisodar frå Det Norske Teatrets omflakkande tilkomst og 100-årige tilvere og skarpe portrett av personar som har trekt i trådane i 50 år med kulturpolitiske dragkampar, er like ugløymande skildra som fellesskapen mellom målpolitiske einstøingar på Labråten. Og no sist, men ikkje minst, ein perspektivrik biografi om ein liten, avvist sjimpanse med bandasjert finger (...) Vinnaren gjer kulturinstitusjonar, kulturpersonar og kulturikonar levande ved bruk av klår prosa. Gjennom stiltone, varierte og appetittvekkande kapitteloverskrifter og dekkande mellomtitlar demonstrerer forfattaren ei befriande evne til å kombinere ledig og lettlesen nynorskprosa med kreative språkbilete.

Om språkprisen. Kvart år deler Språkrådet ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa, annakvart år for bokmål og nynorsk. Språkprisen blir gitt for enkeltverk eller produksjonar frå dei siste fem åra og kan gå til personar eller institusjonar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO