Skip to main content

Kristin Roset aktuell med boka Spring for livet

Pressemelding   •   feb 16, 2016 12:00 CET

Kva gjer du om nokon du er glad i slit med maten? Når du ser at ein av dine næraste blir til ein skugge av seg sjølv? 

Kristin Roset veit altfor godt svara på desse spørsmåla etter år med anoreksi, ortoreksi og bulimi. Kristin var mellomdistanseløpar og norsk meister på 800-meter tre gonger. Ei livsglad idrettsjente med ein draum om OL. Kroppspress skulle øydeleggje den draumen og kosta henne nesten livet.

Boka Spring for livet lanserast tysdag 23.februar på Bislett. Det blir presentasjon av boka og paneldebatt. Meir om eventet her: https://www.facebook.com/events/490665154454790/

Roset kjem i boka med konkrete tips og råd til korleis dei som står den sjuke nær kan vere til stønad, både til trenar, kjærast og foreldre.

- Eg ønsker å nå ut til andre og håpar at boka kan vere til hjelp. Mange som er sjuke er engstelege for å bli friske. I boka held eg fokus på korleis eg vart frisk og skildrar kva som skjer med kroppen under behandlinga. Dette håpar eg kan gi andre mot til å ta steget ut av sjukdommen.

Spring for livet er Kristin si forteljing om kampen mot spiseforstyrringa og kontrollen. Vi følgjer Kristin frå ho som lovande ung junior fekk nokre sleivete kommentarar om vekt og form, gjennom år med oppkast, svolt, ekstrem trening, pillemisbruk og desperasjon, til ho fekk den hjelpa ho trong i 2010 og vart frisk.

Kristin har gjennomlevd år med alvorlege spiseforstyrringar, men dette er ei historie med ein lykkeleg slutt. I dag er Kristin Roset frisk og mamma til vesle Noah. Ho har gjort sitt livs comeback. No vil ho hjelpe andre ved å fortelje si historie. 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar