Gå videre til innhold
foto: Agnete Brun
foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Sterk samlivsroman frå Marit Eikemo

Marit Eikemo tek for seg det moderne samlivet i si nye bok. Gratis og uforpliktande verdivurdering er ein underhaldande og overraskande roman om draumen om det perfekte liv.

Hanne er lei av å sjå dei vellykka vennene frå studietida bu i villa med hage, mens ho sjølv går på veggane i den same gamle leilegheita, med mann og to små barn. Men no har draumehuset dukka opp. Vi følgjer Hanne og Andreas dei siste dagane før bodrunden. Mens dei går gjennom prospektet, rom for rom, blir også deira eige samliv kartlagt, og fleire spørsmål melder seg:

Kven er det som eigentleg har dratt lasset alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet og livet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei?

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut fem romanar, den seinaste er Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og er festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO