Gå videre til innhold
Sterkt om klassereise og utanforskap i ny bok; "Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise" av Bjørn Hatterud

Pressemelding -

Sterkt om klassereise og utanforskap i ny bok; "Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise" av Bjørn Hatterud

Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han sine fyrste turar bort frå bygda, inn i fridommen. Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan. I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår, som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden. 

Mjøsa rundt med mor er ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.

Bjørn Hatterud (f. 1977) er kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar. Han kjem frå Brumunddal, men er busett i Oslo.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO