Gå videre til innhold
Stor interesse i utlandet for norsk bok om mørke

Pressemelding -

Stor interesse i utlandet for norsk bok om mørke

Winje Agency melder om stor interesse for Sigri Sandbergs bok Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse som kom ut på norsk i februar i år. Boka er allereie selt til sju språk; engelsk, fransk, italiensk, nederlandsk, polsk, tsjekkisk og tysk. Utanlandske forleggjarar peikar på at Sigri skriv om mørke på en måte som treff lesaren på ein eksistensiell måte. Sandberg gjer lesaren klar over at mørke er ein vesentleg del av livet og tar leseren med på ei fascinerande reise, til hytta på Finse og til Svalbard og gir oss samstundes viktig kunnskap om kva mørket betyr.

 -Boka kjem ut på dedikerte forlag i utlandet, seier agent Gina Winje, og meiner det er spesielt at boka kjem ut allereie til hausten i Storbritannia og i Nederland. - Dette er ei høyaktuell bok. Sandberg skriv personleg og medrivande om eit tema vi veit lite om, og som er langt viktigare enn vi har trudd, seier Winje.

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 20 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive ti bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok. Sandberg voks opp i Gulen og Bergen og er busett i Oslo.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO