Gå videre til innhold
Foto: Jan Lillebø
Foto: Jan Lillebø

Pressemelding -

Storegutprisen til Kristin Sørsdal

Forfattaren og omsetjaren Kristin Sørsdal får årets Storegutpris for omsetjinga av Elena Ferrantes Napoli-kvartett. Ho tek imot prisen på Litteraturdagane i Vinje 26. august.

Litteraturdagane i Vinje deler kvart år ut «Storegutprisen». Det er ein pris som skal gå til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rommet. Juryen er leia av Odd Nordstoga. 

Frå grunngjevinga: "Det Norske Samlaget og Kristin Sørsdal har ikkje berre slege fast at god litteratur kan bli populær litteratur, men òg vist at nynorsk ikkje er ei hindring for å nå fram til mange lesarar, jamvel til dei som ikkje er vane med å lesa nynorsk. Det set Litteraturdagane i Vinje stor pris på."

Kristin Sørsdal vart nylig heidra med Kritikarprisen for omsetjinga av Napoli-kvartetten, og fekk også Målprisen 2016 for dette arbeidet. Sørsdal har også sin eigen forfattarskap og er aktuell med sin tredje roman, "Mare", no i vår, som har blitt tatt godt i mot av kritikarane. 

Storegutprisen har namnet sitt etter ein sentral figur i Aasmund O. Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO