Gå videre til innhold
Strålande kritikk til krigsromanen "Livius" av Erlend Kaasa

Pressemelding -

Strålande kritikk til krigsromanen "Livius" av Erlend Kaasa

Erlend Kaasa debuterte med romanen Thunder road i 2009. No er han klar med krigsromanen Livius som får strålande kritikkar. 

«Livius er rett og slett en genuint medrivende roman der ingenting er avgjort før siste side.»
Olaf Haagensen, Morgenbladet

"Det er brutalt og skremmende, og et godt driv i fortellingen."

Stian Johansen , Varden

"[...] ein drivande god roman som i botnen handlar om kva krig gjer med menneska som deltek, om idealisme, om å bli desillusjonert, og om å finne meining i livet der nesten alle kjennemerka til eit sivilisert samfunn har gått tapt."

Bjarne Tveiten , Fædrelandsvennen

Meir om boka: Lam er offiser i ein invasjonsstyrke. Jobben hans er å reinske ut siste rest av motstand i det invaderte landet. Krigens råskap gjer han stadig meir desillusjonert, og i opprør mot det moralske forfallet som omgjev han, gjer han seg skuldig i eit alvorleg brotsverk. Som straff blir han og mennene hans sendt ut på eit livsfarleg oppdrag djupt inne bak fiendens liner. Målet for oppdraget er opprørspoeten Livius, som spreier propaganda og gir folket ny kampvilje. Når ein ung gut kryssar vegen til soldatane, tek historia ei ny vending, og Lam får igjen ei sak å kjempe for.

Livius er ein roman om fedrar og søner, om idealisme og desillusjon, om å gå seg vill, og om kampen for å finne meining i ei verd der all meining synest å ha gått tapt.

Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark. Han debuterte med Thunder Road i 2009. Kaasa har hovudfag i informatikk- og mediefag frå Universitetet i Bergen. Han er busett i Indre Arna og arbeider som medialærar i Berge

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO