Skip to main content

Strikking frå Nord

Pressemelding   •   aug 29, 2017 12:00 CEST

Tidlaust og moderne

Hilary Grant bur på Orknøyane lengst nord i Skottland. Ho hentar inspirasjon både frå Fair Isle-strikking, frå skandinavisk strikkekunst og frå det slåande vakre landskapet når ho lagar sine eigne design for vår tid.

I Strikking frå nord finn du 30 mønster. Her er alt frå ei enkel ribbestrikka lanternetopplue og eit tubeskjerf i bølgjemønster til nydelege genserar frå Island.

Boka har kunnige tips om montering, råd om farger og garn og inspirerande foto som gir eit vindauge til livet på 59˚ nord. Denne flotte kolleksjonen hyllar enkle og reine former som er moderne, men tidlause.

Boka har lanseringsdato 29. august. 

Hilary Grant driv strikkeverksemda frå atelieret sitt på Orknøyane. Sidan 2011 har ho designa luer, vottar og skjerf som ho har selt over heile verda. Grant er ingen tradisjonell strikkar, men den tradisjonelle estetikken er likevel til stades i arbeida hennar. Ho søkjer mot klare, glade farger og dristig utforma mønster. Rytmen og repetisjonane i Fair Isle-strikkinga er ei stadig kjelde til inspirasjon for henne.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy