Gå videre til innhold
"Svikne dagar" - gripande roman frå forfattaren bak Napoli-kvartetten

Pressemelding -

"Svikne dagar" - gripande roman frå forfattaren bak Napoli-kvartetten

38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane med seg i fallet.

Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO