Skip to main content

Terje Tørrisplass med ny diktsamling, "Lomen svarar meg i blanke timar"

Pressemelding   •   mai 12, 2016 12:19 CEST

Terje Tørrisplass’ nye diktbok handlar om mellomtilstandar og overgangar i livet. Når dikta tematiserer bortgang og død, er det med forsoning: Naturen ber i seg spor av menneske som har levd, og varsel om tider som skal komme. Eg-et er nært knytt til naturen, som igjen er nær og samanvevd med mennesket og dagleglivet, og dette bandet viskar ut skiljet mellom notid og fortid.

I forfattarskapen til Tørrisplass er det den livslange og tette relasjonen til naturen som står sentralt. Fleire har påpeikt den litterære slektskapen med Hans Børli.

Terje Tørrisplass (f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal. Han debuterte med diktsamlinga Eg bygger ikkje byar i 2010 og følgde opp med Glenne i 2013. Lomen svarar meg iblanke timar er hans tredje diktbok.

Lansering av boka på arrangementet på Het Poet i Samlaget, 19.5. Meir informasjon her: 

https://www.facebook.com/events/153590475036982/

 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar