Gå videre til innhold
Terje Torkildsen klar med ny ungdomsbok; "Stavanger Stories 1"

Pressemelding -

Terje Torkildsen klar med ny ungdomsbok; "Stavanger Stories 1"

To gonger U-prisvinnar Terje Torkildsen er klar med ny ungdomsbok, Stavanger Stories 1. Novellesamling om liv og død, fortald med humor og spenning. 

I Stavanger stories møter vi søskena Betty, Broremann og Duxen. Betty har eit nærare forhold til mormor enn til mor, Broremann blir sett på den største prøven så langt i livet då han må leggje ut i båt åleine, og Duxen tabbar seg loddrett ut som russ. I novelleform opplever vi tre søsken og deira ulike møte med livet, døden, gleda, saknet og kjærleiken.

Dette er den første av fleire novellesamlingar om ungdommane frå Stavanger.

«Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.»

Boka vert lansert under Kapittel-festivalen til helga.

Terje Torkildsen (f. 1971) er komikar og forfattar frå Stavanger. Han har gitt u fleire ungdomsbøker og har to gongar gått til topps når ungdom over heile landet har stemt fram den årlege U-prisvinnaren. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO