Gå videre til innhold
Terje Torkildsen ute med ny ungdomsroman

Pressemelding -

Terje Torkildsen ute med ny ungdomsroman

Kan det vere livsfarleg å bli forelska?

Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis.

Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Isla Bonita viser seg å vere ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska.

Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO