Gå videre til innhold

Pressemelding -

Tor Jonsson 100 år

14. mai er hundreårsdagen for Tor Jonssons fødsel. Samlaget har trykka nye opplag av Dikt i samling og Ingar Sletten Kolloens biografi Berre kjærleik og død. I tillegg kjem det no også ebøker av Dikt i samling og Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller.

Tor Jonsson-selskapet arrangerer festkveld for forfattaren 21.5. i Lom. meir på www.torjonsson.no

Litteraturfestivalen på Lillehammer vil også markere forfattaren med Kolloens stykke "Berre kjærleik og død" den 28.5.

Tor Jonsson (f. 1916) knapt 35 år gammal tok sitt eige liv i 1951, var han rekna som ein av våre mest markante diktarar. I dikta står livslyst  mot døslengt, draum mot røynd, og eld mot kulde. Som journalist stod han fram som ein sosialt engasjert skribent med krafitige åtak mot urett og undertrykking, ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet. Dei voldsomme spenningane i alt Tor Jonsson skreiv er uløyseleg knytte til hans dramatiske liv og tragiske lagnad.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO