Gå videre til innhold
Tora Seljebø klar med romanen "Huset på prærien"

Pressemelding -

Tora Seljebø klar med romanen "Huset på prærien"

To søstrer bur med mor si i eit hus på prærien. Ein dag flyttar hestetemmaren inn, og romanen skildrar korleis jentene nærmar seg han. Lengselen etter å bli sett er stor og katastrofal. Huset på prærien er ein roman om unge jenter og vaksne menn, om bilturar om natta, om sandstormar, hestar, om grenseovergangar og reglar som blir viska ut.

Tora Seljebø (f. 1973) er oppvaksen i Ålvundfjord på Nordmøre, og bur i Trondheim. Seljebø har vore avdelingsleiar i Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. I 2014 debuterte ho med lyrikkboka Om kvelden blir namna ropa heim.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO