Gå videre til innhold
Upubliserte dikt frå Olav H. Hauge i den nye boka "Seljefløyta"

Pressemelding -

Upubliserte dikt frå Olav H. Hauge i den nye boka "Seljefløyta"

Hauges tidlege og etterlatne dikt samla for første gong i den nye boka "Seljefløyta"

I Dagboka til Olav H. Hauge kan vi lese at han på slutten av 30-talet sende inn diktmanuset Seljefløyta til Norli forlag. Manuset blei refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publiserte i diverse tidsskrift og aviser. Debutsamlinga Glør i oska kom i 1946, med berre få dikt frå dette manuset. I denne nye Seljefløyta er 24 dikt henta frå det opphavlege manuset. Med i boka er også einskilde dikt frå 1940-1979. Dei er kvasse og humoristiske kommentarar over livet og kvardagen. For første gong blir dette materialet samla i bokform, og boka gir oss eit utfyllande bilete av lyrikaren Olav H. Hauge.

Utvalet er redigert om med forord av Bodil Cappelen, enka etter Hauge.

Frå Bodil Cappelens forord: 

"7. mai 1938 skreiv Hauge i dagboka: «Eg laga i stand ei samling av versa mine, so mykje eg hev dei og kalla samlingen Seljefløyta." Manuset vart sendt til Olaf Norlis Forlag i Oslo same år. Året etter (17. april) kan ein lesa: «Fekk att diktsamlingen Seljefløyta frå Norli. Dikta var gode, men knapt uvanlege, segjer dei. Venta ikkje betre heller.» 25 dikt i denne boka er henta frå dette manuset frå 1930-åra. Dei andre 17 dikta er frå skilde tider, frå 1940 til det siste diktet med årstal, 1979. Det aller siste diktet er utan årstal, og funne etter Hauges død. Eg har kalla utvalet Seljefløyta av di 25 dikt her er henta frå det som kunne ha vore debutsamlinga til Olav H. Hauge."

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO