Skip to main content

Vårlista til Samlaget

Pressemelding   •   jan 10, 2017 09:56 CET

På vårlista til Samlaget finn du mellom anna ny roman på norsk av Elena Ferrante; Svikne dagar, ei stor satsing på den beste nye og unge lyrikken frå Danmark, og sterke romanar og dokumentarbøker. Barne- og ungdomslitteraturen er godt representert på lista, med fleire lesetreningsbøker, omsette titlar, og nye, norske titlar innan faktabøker og skjønnlitteratur.

Bla i lista her: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/v__ren_2017

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar