Skip to main content

Velkomen til lansering av Jon Fosses storverk Septologien 6. september kl. 9

Pressemelding   •   sep 02, 2019 11:10 CEST

Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad

Fredag 6 . september markerer starten på det som vert ein stor Jon Fosse-haust. Då lanserer Samlaget første band i romanserien og storverket Septologien som har tittelen Det andre namnet.Forfattaren er sjølv til stades på lanseringa på Det Norske Teatret kl 9 på fredag. Det blir kaffi og sveler til alle. Hildegun Riise og Benedicte Maurseth framfører utdrag frå boka. Introduksjon til verket ved redaktør Cecilie Seiness. 6. september startar også Den internasjonale Fosse-festivalen på Det Norske Teatret med eit rikhaldig program fram til 14.9.

For Jon Fosse har det vore ein uvanleg skriveprosess. -Septologien skreiv seg så å seie sjølv, og han skreiv seg sjølv uventa lang. I min forfattarskap har aldri noko liknande skjedd, seier han

Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og blir gitt ut i 2019, 2020 og 2021. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju.

Forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog gler seg stort til å presentere Septologien:

-Jon Fosse har skrive eit vakkert og gripande samtidsverk som vi vonar og trur vil opne opp Fosses forfattarskap for mange nye lesarar.

Septologien vert også lansert internasjonalt under bokmessa i Frankfurt 16. oktober, der Fosse er eit av hovudnamna. Romanserien er allereie seld til ei rekkje land, blant anna Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, Spania og Ungarn.

6. september startar Den internasjonale Fosse-festivalen på Det Norske Teatret. Frå 6. til 14. september blir det framsyningar på alle scenar, gjestespel frå Japan, Russland og Frankrike og eit innhaldsrikt seminarprogram. 24. til 28. september er det duka for Fosse-fest på Litteraturhuset i Bergen. Det vert også ein Fosse-festival på Fosses heimstad, Strandebarm i Hardanger, frå 20. til 22. september.

29. september fyller Jon Fosse 60 år. 

Meir om Septologien, band ein, Det andre namnet:

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen som er innlagd, han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.

Jon Fosse (f. 1959) er rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Fosse kjem frå Strandebarm. I 2011 blei han tildelt statens æresbustad Grotten i Oslo. Jon Fosse debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart og gav seinare ut fleire romanar, diktsamlingar, barnebøker og essaysamlingar. Dramatikk skreiv han for første gong i 1993. Som dramatikar har han sidan midten av 90-åra opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse er i dag ein av dei mest spelte samtidsdramatikarane, men han har heile tida skrive både prosa og poesi av uvanleg høg kvalitet. I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for Trilogien. Dei seinare åra har namnet Jon Fosse stadig oftare blitt nemnt i samband med nobelprisen i litteratur.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.