Skip to main content

"Venner med venger" - barnebok om fuglekikking

Pressemelding   •   des 19, 2012 10:42 CET

Erna Osland og Inger Lise Belsvik står bak boka Venner med venger som inspirerer barn til å utforske, observere og lære om fuglar.

Ein dag oppdagar Dina ein fugl utanfor vindauget sitt - den blir den hemmelege vennen hennar. Saman med kameraten William bestemmer ho seg for å finne ut meir om fuglar og begynner å notere i ei lita bok.

Illustratør Inger Lise Belsvik har gitt 20 norske fuglar eit kunstnarleg uttrykk som både fangar fuglanes særtrekk og sjel. Alle fuglane blir presenterte undervegs i forteljinga, og i tillegg i ein eigen faktadel bak i boka.

Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Erna Osland har fått fleire prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris.

 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.