Skip to main content

Vil vekke ungdom med miljø-thriller

Pressemelding   •   aug 13, 2015 09:00 CEST

Etter ei rekkje besøk hjå skuleklassar rundt om i landet var det særleg ei sak forfattar Lars Mæhle merka seg: Ungdommen er ikkje særskild oppteken av klimaspørsmål.

- I ei verd der sjølvframstilling tel stadig meir, stenger ungdommen seg inne i eigne problem, uttalte Mæhle til Vårt Land.

Med ungdomsromanen Bouvetøya 2052 ønskjer Mæhle å gjere noko med dette, og set klima på dagsorden.

Året er 2052. Det koker i Oslos gater. Verda er snudd opp ned av klimaendringane. Noreg er ein totalitær politistat i klørne på oljenæringa der klimaaktivistar er under konstant søkelys frå myndigheitene. Når klimademonstrantane protesterer mot det korrupte oljeregimet gjer dei det med eige liv som innsats. Sytten år gamle Roland er ein av aksjonistane.

Samstundes går startskotet for tidenes heftigaste nettreality, ein klimakonkurranse lagd til den isolerte Bouvetøya i Sørishavet.

Fem ungdommar, frå kvar sin verdsdel, møtest som deltakarar på Bouvetøya. Dei skal knive om enorme pengesummar, med heile verda som publikum via liveoverføringar. Tøffe fysiske utfordringar og oppgåver knytt til klimautfordringane ventar dei. Dette er ungdommens moglegheit til å redde verda.

Men er verkeleg nettrealityen ein sjanse til å endre planetens framtid? Eller berre ein bløff og eit PR-stunt? Kva får dei heime sett via nettet, og kva føregår eigentleg på den isolerte øya?

Mot sin vilje blir Roland vikla inn i nettrealityen. Og det som snart skal vise seg å vere eit spel på liv og død.

Med Bouvetøya 2052 set Mæhle klima på dagsorden, og vil vekke klimaengasjementet hjå ungdommen. Noreg som oljenasjon og profilerte politikarar får seg eit spark i sida, og romanen får ein til å stille spørsmål ved korleis me forvaltar kloden som er heimen vår.

Lars Mæhle (f.1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker både for barn, unge og vaksne. For fantasyromanen Landet under isen vart Mæhle tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen (ungdommens eigen litteraturpris), og Fabelprisen.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar