Gå videre til innhold
Gaute Eiterjord er klar med Klimaopprøret!
Gaute Eiterjord er klar med Klimaopprøret!

Nyhet -

Klimaopprøret! Gaute Eiterjord aktuell med bok. Forord av Maja Lunde.

Viss ikkje du, kven? Viss ikkje no, når?

Kva svarer du når du skulkar skulen for å streike og alle heller vil snakke om fråværsgrensa enn togradersmålet? Korleis får du onkelen din til å forstå at det er mogleg å ønske seg julegåver og artsmangfald samtidig, og korleis ligg eigentleg Noreg an i arbeidet med å kutte utslepp?

– Mens eg har skrive denne boka, har verda vore i ein surrealistisk situasjon, der det normale samfunnet har brote saman på grunn av koronaviruset. I skrivande stund er det ikkje mogleg å seie korleis det vil utvikle seg. Men pandemien har vist at samfunnet kan gjennomgå drastiske endringar raskt når det trengst. Politikarar kan vere handlekraftige og innføre kraftige tiltak når saka er viktig nok. Ikkje minst har vi sett kor viktig det er at styresmakter behandlar ei krise som ei krise – og at dei lyttar til fagfolk og set inn kraftige nødstiltak for å ta vare på dei svakaste i samfunnet. Vi klarte det for korona. Då kan vi klare det for klimaet òg, skriver Gaute Eiterjord.

– Det er av og til freistande å tenke at alt berre hadde løyst seg om Facebook hadde ei øvre aldersgrense, og at alle klimafornektande gubbar hadde blitt sende tilbake på skulebenken for tvangsskulering i naturfag og folkeskikk. Då hadde kanskje debattklimaet blitt litt betre, og alle sta surpompar som synest Greta Thunberg er det verste som har skjedd sidan svartedauden, kunne lært å ta til vettet.Men det kjem ikkje til å skje. Så korleis skal du eigentleg imøtegå folk som motset seg heilt grunnleggande fakta om klimaet vårt, og som høglydt protesterer mot nødvendige endringar? Som heller vil avspore debatten enn å snakke om kva som skal til?

Gaute Eiterjord gir deg svaret på dei viktigaste spørsmåla i miljø- og klimakampen. Han slår ned mytar frå klimafornektarar, svarer nettrolla og forklarer kva forskarane eigentleg seier. Denne boka gjer deg til ein vinnar i klimadebatten!

– Jeg skulle ønske vi tok på oss den globale grønne ledertrøya! Maja Lunde 

Les mer og les også forordet til Maja Lunde her.

Foto: Thor Due 

Emner

Kategorier

Kontakter

Cathrine Nilssen

Cathrine Nilssen

Pressekontakt Markedssjef Barn og ungdom 99267713
Vegard Bye

Vegard Bye

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig Skjønnlitteratur 41688025
Marit Grue

Marit Grue

Pressekontakt Markedssjef Sakprosa 48117818

Velkommen til Aschehoug!

Aschehoug forlag gir lesere, lærere og elever litterære opplevelser og kunnskap gjennom bøkene og læremidlene våre. Vi opplyser, utfordrer og underholder, enten du liker å lese, lytte eller utforske digitalt.

Aschehoug
Sehesteds gate 3
0164 OSLO
Norge