Gå videre til innhold
Foto: Tine Poppe

Pressemelding -

Sunnmørspostens kulturpris til Trude Teige

Trude Teige tildeles Sunnmørspostens kulturpris 2025

– Trude Teige har ei unik evne til å kombinere historisk tyngde med menneskelege historier som grip lesaren frå første side. Ho har gjennom Mormor-trilogien skapt litteratur som både underheld og gir djupe refleksjonar – og fortener Sunnmørspostens kulturpris fullt ut, heter det blant annet i juryens begrunnelse for å gi Trude Teige Sunnmørspostens kulturpris 2025.

Prisen ble delt ut under Sunnmørspostens årlige prisdryss-arrangement på Pir-bygget i Ålesund onsdag kveld.

Juryens begrunnelse Etter over 20 år som programleiar, nyheitsanker og politisk reporter i TV 2 har Trude Teige for lengst etablert seg som ein av landets mest folkekjære forfattarar. No blir ho heidra med Sunnmørspostens kulturpris for 2025.

Teige, som er fødd i Fosnavåg og bur i Asker, har gått frå å formidle nyheiter framfor kamera til å løfte fram sterke historier gjennom romanfigurane sine. Sidan debuten har ho gitt ut ei rekkje bøker som har treft eit stort publikum, frå kokeboka Matminne frå mors kjøkken til romanane om Kristiane og Lars, og krimserien om TV-journalisten Kajsa Coren. Sistnemnde serie har, ifølgje Aschehoug, selt fleire hundre tusen eksemplar.

Det er likevel Mormor-trilogien som verkeleg har plassert Trude Teige på det litterære verdskartet. Dei tre bøkene – Mormor danset i regnet, Morfar pustet med havet og Mormors utrolige venninner – er inspirert av faktiske hendingar under andre verdskrig, og har gjort Teige til ein bestseljande forfattar i både Noreg og utlandet. Trilogien har selt rundt 250 000 eksemplar her heime og heile 600 000 i Tyskland. Den siste boka gjekk rett inn på førsteplass på Der Spiegels bestseljarliste då ho kom ut i juli i år.

Kvifor denne suksessen? VG gav Mormors utrolige venninner terningkast fem og formulerte det treffande: «Trude Teige beherskar sjangeren til fulle.»

Juryen for Sunnmørspostens kulturpris 2025 har bestått av Momentium-gründar Lars Berg Giskeødegård, musikar og filmskapar Runar Gudnason, journalist Line Helgesen og nyheitsredaktør i Sunnmørsposten, Lise Valgermo.

Emner


Aschehoug forlag gir lesere, lærere og elever litterære opplevelser og kunnskap gjennom bøkene og læremidlene. Vi opplyser, utfordrer og underholder, enten du liker å lese, lytte eller utforske digitalt.

Kontakter

  • trude_teige_foto_tine_poppe__pop7909.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3149 x 1771, 539 KB
    Last ned