Gå videre til innhold
Therese Tungen om å miste eit barn

Pressemelding -

Therese Tungen om å miste eit barn

– Boka «Snu deg» er skriven i kaoset og den rå sorga. Det var viktig for meg at boka skulle vere sann. Ikkje kunstferdig, ikkje altfor vakker eller forseggjort, og med ein struktur som spegla det indre kaoset vårt. Da Edvin døydde, gjekk tida sund. Tida, som før var ei slags linje som førte oss framover frå hending til hending, var nå krølla saman til ein knute, der fortid, nåtid og framtid var på same stad. Alt i liva våre endra seg, fortel Therese Tungen. 

Denne veka kjem boka Snu deg: Edvins bok. Boka er Therese Tungens skjønnlitterære forsøk på å finne fram i kaoset i året etter at sonen Edvin døydde.

Sommaren 2020 drog Therese Tungen og ungane til fjellet mens mannen vart i byen for å bygge om leiligheita. Sonen Edvin skulle fylle sju år etter sommaren, og gledde seg til å få sitt eige rom. To dagar før dei skulle reise heim frå hytta, fekk Edvin vondt i hovudet. Nokre timar seinare var han død. 

– Da sonen min døydde, seks år og ti månader gammal, visste eg at eg måtte skrive om kva som hende med oss. Og kva som hadde hendt med han. Eg måtte skrive for å dokumentere og for betre å forstå. Sorga, viss ein kan kalle det det frå starten, da situasjonen var sjokkarta og full av adrenalin, seiv sakte innover i systemet, inn i blodet, i kvar del av hjernen, inn i skjelettet. Ettersom tida gjekk forstod eg gradvis kva døden hans betydde, at guten min var borte og at eg aldri ville møte han igjen. Erkjenninga var som å synke. Først til eit undersjøisk platå. Så sank eg enda lengre ned. Sorga var fysisk vond, ei smerte som sat i brystet og magen, fortel forfattar Therese Tungen. 

Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturanmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule. Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Boka fekk strålande mottaking, og vart nominert til Ungdommens kritikerpris. Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. I 2019 utkom hennar andre novellesamling, Kjærleik og det som liknar, til fantastiske meldingar. Ho vart og nominert til EUs litteraturpris 2020.

Related links

Emner

Kategorier


Aschehoug forlag gir lesere, lærere og elever litterære opplevelser og kunnskap gjennom bøkene og læremidlene våre. Vi opplyser, utfordrer og underholder, enten du liker å lese, lytte eller utforske digitalt.

Kontakter

Vegard Bye

Vegard Bye

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig Skjønnlitteratur 41688025

Velkommen til Aschehoug!

Aschehoug forlag gir lesere, lærere og elever litterære opplevelser og kunnskap gjennom bøkene og læremidlene våre. Vi opplyser, utfordrer og underholder, enten du liker å lese, lytte eller utforske digitalt.

Aschehoug
Sehesteds gate 3
0164 OSLO
Norge