Pressemelding —
Breivika Miljøstasjon flyttar opningsdag grunna omfattande oppgradering
Midlertidig endring av opningsdag ved Breivika Miljøstasjon
Frå og med veke 37 vil Breivika Miljøstasjon endre opningsdag frå onsdag til fredag. Opningstida vil vere uendra frå kl. 12.00 til 18.00.
Bakgrunnen for endringa er eit omfattande oppgraderingsprosjekt som blir gjennomført i samarbeid med Ålesund kommune. I anleggsperioden vil store delar av området bli nytta som byggjeplass, noko som gjer det nødvendig å tilpasse den ordinære drifta av miljøstasjonen.
Prosjektet omfattar mellom anna etablering av ny avløpsløysing, bygging av støttemur og drenering, installasjon av ny oljeutskiljar og vaskeplass, samt asfaltering av område på både miljøstasjonen og deponiet. Attvin planlegg også å etablere ein ny hall for mottak av farleg avfall som del av den vidare utviklinga av anlegget.
Det vil vere aktivitet knytt til anleggsarbeidet store delar av veka, medan fredagar er planlagt utan aktivitet på prosjektet. For å kunne halde miljøstasjonen open på ein trygg og føreseieleg måte blir opningsdagen derfor flytta til fredag i prosjektperioden.
Endringa vil gjelde fram til prosjektet er avslutta. Når arbeida er ferdige, vil Breivika Miljøstasjon gå tilbake til ordinær opningsdag på onsdagar.
Attvin ber kundane merke seg den mellombelse endringa og takkar for forståinga medan arbeidet pågår.
Kontakt
Richard Flåte
Leiar for miljøstasjonar, Attvin
948 37 532 / ricfla@attvin.no
Caroline Mehl Nakken
Avdelingsleiar, marknad og kommunikasjon, Attvin
483 30 689 / caroline@attvin.no
Emner
Regions
Attvin er et offentlig eid renovasjonsselskap som arbeider for en sirkulær fremtid. Vi leverer husholdningsrenovasjon for over 110 000 innbyggere i Ålesundregionen, og sikrer pålitelig og korrekt avfallshåndtering. Gjennom vårt kommersielle datterselskap Attvin Næring, tilbyr vi i tillegg renovasjonstjenester til kommuner og bedrifter I Ålesundregionen, med fokus på gode digitale og kundevennlige løsninger.
Med ansvarlig ressursbruk og sirkulære løsninger som rettesnor bidrar vi til å redusere miljøavtrykket til det beste for både lokalmiljøet og menneskene som bor her.
For mer informasjon, besøk attvin.no eller kontakt oss på post@attvin.no.